Herborg Kråkevik
Kaldt og myrkt og lite sol
[Vers 1: Herborg Kråkevik]
Kaldt og mørkt og lite sol
Såleis er det fram mot jol
Snø og is all jorda gøymer
Allting ligg i seng og drøymer

[Vers 2: Bjørn Eidsvåg]
Barnet spør, kor langt det lid
Enno fram mot joletid
Mor så mangt har med å fara
Likevel ho støtt lyt svara

[Vers 3: Herborg Kråkevik & Bjørn Eidsvåg]
Verda fekk ein liten gjest
Difor held me barnefest
Bror og syster, lat oss kveda
Saman om den store gleda

[Vers 4: Bjørn Eidsvåg]
Fattig barn til verda kom
Barnet vende verda om
Under stort, ja, utan like
Det er Jesus og hans rike

[Vers 5: Herborg Kråkevik & Bjørn Eidsvåg]
Han som kom, seg sjølv oss gav
Fekk ein krybbe og ein grav
No vil me med gledeståre
Gje han rom i hjarta våre