Herborg Kråkevik
Maria på veg
[Vers 1]
Eg vov dei dukar, raude, blå
Vov lilla og kvitt lin
Då stod så høgt eit ljos hjå meg
I sylvkvitt stråleskin

[Vers 2]
Eg våga lyfte augo, sjå
La stunda vera mi
Då såg eg at han bar ei lilje
Kvit, i handa si

[Vers 3]
Då visste eg òg kven han var
Eit bod så ageleg
Send ifrå vår Skapar-Far
I himlane, til meg

[Vers 4]
Eg varsla vart, ein tidleg vår
Om noko rikt og stort
At livet er ei gåve som vi
Får og så gjev bort

[Vers 5]
No renn det livet gjennom meg
Ei elv av ljos, ein foss
Snart heile verda føder eg
Den Sonen, inn til oss
[Vers 6]
Ja, det er òg eit under stort
At slik ei møy som eg
Kan vera dør for slik ein konge
Bru for slik ein veg

[Vers 7]
No er vi snart i Davids by
Og børa mi er tung
Og enn eg ber ho utan sut
For eg er sterk og ung

[Vers 8]
Og sanneleg, sjå, Betlehem
Her veit eg det skal skje
Men finst det rom for oss i kveld
Ein stad å finne fred?

[Vers 9]
Min festarmann frå dør
Til dør han går og bed om ly
Men kvart eit hus er stengt for oss
I denne manntalsby

[Vers 10]
Så lat det bli som det vart spådd
Lat stallen bli vårt rom
I grotta duld, i løynde bu
Du skjer, Mysterium