Herborg Kråkevik
Den Fyrste Song
[Vers 1]
Den fyrste song eg høyra fekk
Var mor sin song ved vogga
Dei mjuke ord til hjarta gjekk
Dei kunde gråten stogga

[Vers 2]
Dei sulla meg so underleg
So stilt og mjukt te sova
Dei synte meg ein fager veg
Opp frå vår vesle stova

[Vers 3]
Den vegen ser eg enno tidt
Når eg fær auga kvila
Der stend ein engel, smiler blidt
Som berre ei kan smila

[Vers 4]
Og når eg sliten trøytnar av
I strid mot alt som veilar
Eg høyrer stilt frå mor si grav
Den song som all ting heilar