Herborg Kråkevik
Eg Er Så Glad Kvar Julekveld
Eg er så glad kvar julekveld
For då vart Jesus fødd
Då lyste stjerna som ei sol
Og englar song så søtt
Det vesle barn i Betlehem
Han var ein konge stor
Som kom frå høge himmelborg
Ned til vår arme jord
No bur han i sin himmelheim
Han er Guds eigen Son
Men alltid minnest han dei små
Som bed med tru og von
Eg er så glad kvar julekveld
Då syng me Jesu pris
Då lèt han opp for alle små
Sitt vene paradis
Ho mor ho kveikjer alle ljos
Dei skin i kvar ei krå
For heile verda, seier ho
Skal julestjerna sjå
Ho seier stjerna skin enno
Og aldri slokna kan
Og får ho skina på min veg
Då finn eg himlens land
Ho seier alle englar syng
Enno om fred på jord
At himlen like open er
Guds kjærleik like stor
Å, gjev eg kunne syngja så
Då vart visst Jesus glad
For eg vart òg Guds kjære barn
Ein gong i dåpens bad!
Eg er så glad kvar julekveld
Så glad i Jesus Krist
Og at han også elskar meg
Det veit eg sant og visst