Gåte
Skarvane
[Tekst til "Skarvane"]

[Vers 1]
Landet lyser som i draum
Ingen augo kjenner
Leida løynd i våg og straum
Til så kvite strender

[Vers 2]
Du må segle i ein storm
Skjelve der, i tårer
Sjå kor havet skifter form
Og lyfter sine bårer

[Refreng: Vokalisering]

[Vers 3]
Gjennom gnyet tonar skrik
Høyr, tre skarvar jagar
Snøgt som vinden mot ei vik
Heim til stille dagar

[Vers 4]
Sterke, svarte venger slår
Ut mot draumestranda
Der ein mogen åker står
Og gyller himmelranda
[Refreng: Vokalisering]

[Vers 5]
Ser du sol og tunge aks
Du som vonlaus stirеr?
Alt som djupt i hjarta vaks
Det er her dеt spirer

[Vers 6]
Attom dauden ram som salt
Der er lykter tende
Tør du ofre alle, alt?
Fåe kjem attende

[Refreng: Vokalisering]

[Vers 1]
Landet lyser som i draum
Ingen augo kjenner
Leida løynd i våg og straum
Til så kvite strender

[Vers 2]
Du må segle i ein storm
Skjelve der, i tårer
Sjå kor havet skifter form
Og lyfter sine bårer
[Refreng: Vokalisering]