Gåte
Fanitullen
[Tekst til "Fanitullen"]

[Instrumental Intro]

[Vers 1]
I desse traumetider kor makt i ørske rår
Og Ragnarok på nyom kan skapa pinekår
Der menneskje som jotnar kan kjempe gudar ned
Og berre domedagen kan gjeva varig fred

[Vers 2]
Står det eit blodig brudlaup på denne vesle jord
Der mørkemakter kjempar mot dei som er av sol
Og fatige må lide for dei som har det flott
Frå livsens mørke kjellar det lydest enn ein slått

[Instrumentalt Refreng]

[Vers 3]
Der svik og svartsjuke er som grøde
Som veks av udådar, drap og døde
Der hat og rovlysten ligg på lur
Og valdar livet bak lås og mur

[Vers 4]
Der lyder slåtten av skrik og pine
Frå spelemannen i blåne skinet
Om noko lukkast og står til liv
Den aggen atter til vanvet driv
[Vers 5]
Det bit og knasar i bein og krafsar
Med kjøtermunnar som blodet slafsar
Av heilt uskuldige tekne att
Og strupekvelte i ævig natt

[Vers 6]
Den må seg fredlaus til grava slepa
Som søkjer sæla i det å drepa
Kvar gong ein kvitkledd er kjempa ned
Da finn den svarte i slåtten fred

[Instrumentalt Refreng]

[Vers 1]
I desse traumetider kor makt i ørske rår
Og Ragnarok på nyom kan skapa pinekår
Der menneske som jotnar kan kjempe gudar ned
Og berre domedagen kan gjeva varig fred

[Vers 2]
Står det eit blodig brudlaup på denne vesle jord
Der mørkemakter kjempar mot dei som er av sol
Og fatige må lide for dei som har det flott
Frå livsens mørke kjellar det lydest enn ein slått
[Instrumental Outro]