Gåte
Tonen
[Tekst til "Tonen"]

[Vers 1]
Omatt det mel
Nett liksom gauken gjel
Litt av ein song
Kanskje om elsk ein gong?

[Vers 2]
Gåtene gryr
Oppatt i folk og dyr
Let og gjeng att
Luskar i løyndarnatt

[Vers 3]
Vinn ikkje fred
Utan at einkvan kved
Tonane må
Tolkast av hjartetrå

[Vers 4]
Tenke seg til
Lyt ein kva tonar vil
Liksom ei drakt
Tener i ulik pakt
[Vers 5]
Hige og hong
Søker å bli til song
Framtida finn
Å minne på seg i sinn

[Vers 6]
Bilete sviv
Innom, slik draumar driv
Byter natur
Etter kor tonen bur

[Refreng]
Noko i ein vil attende
Ane kva i duldo hende
Når den songen tona inn
Som syng i sinn

Noko i ein vil attende
Ane kva i duldo hende
Når den songen tona inn
Som syng i sinn

[Instrumental]

[Vers 7]
Kjelder som kvarv
Lutrar i art og arv
Spirer og gror
Meste forutan ord
[Vers 8]
Vise og slått
Sullar i sogehått
Lyder av trong
Avla i elsk ein gong

[Vers 1]
Omatt det mel
Nett liksom gauken gjel
Litt av ein song
Kanskje om elsk ein gong?