Vreid
Fangegard
Det kom som lynnedslag, gjekk som skred
Den gangen det slo oss ned
Det overmektige mange
No går det langsamt, atter vår
Og Noreg er ein fangegard
Kvar nordmann er ein fange
Usynleg piggtård tett i tett
Spent ut i eit forgreina nett
Om skritt, om ord, om tankar
Ja, du kan sitta fast ein dag
Om berre dine hjarteslag
For openhjartig bankar
Kvar nordmann er i fangeskap
For den som har med ærestap
Kjøpt friteikn frå tyrannen
Er ikkje nordmann meir
Men sjølv
Ein vaktar
Eller vaktars trell
Med trellens teikn i panna
Men dei skal hugsast, bli ein sum
Som kviler i oss, tung og stum
Og vel kan overmakta
Få lært ein modig fot å gå
Men alder norske hjarter til å slå
I denne fengselstakta