Glittertind
Etter stormen
Etter stormen såg eg ingenting
Ingenting av alt eg såg
Etter stormen dreiv eg rundt i ring
Og undra på kor landet låg

Etter stormen blanke auge bar
Himmelen så rar og bleik
Etter stormen fann eg ingen svar
Viljevarden visna veik

Eg kom drivande som båt i brann
På dei blåe bylgjer knust i strand

Eg drøymde ein draum
Eg trudde var sann
Eg livde eit liv
Som forsvann

Etter stormen reiv ut ryggen min
Såg eg ingen slott som skein
Etter stormen ingen glitretind
Såg eg ingen himmelheim

Eg var ’kje klar for denne kalde jord
Eg var ’kje klar, eg hadde ingen ord

Eg drøymde ein draum
Eg trudde var sann
Eg livde eit liv
Som forsvann

Eg ville flyge langt derifrå
Ut til allheimen den blå
Eg virra rundt i ein ynskjebrunn
Og lengta etter mysterium

Sjå verda spinn bak det kvite-grå
Med alle skapningar på skrå
Me virrar rundt i ein ynskjebrunn
Og lengtar etter mysterium
Eg var ’kje klar for denne kalde jord
Eg var ’kje klar, eg hadde ingen ord

Eg drøymde ein draum
Eg trudde var sann
Eg livde eit liv
Som forsvann