Glittertind
Flaumen går, i Noreg er vår
Flaumen går
I Noreg er vår
Bjørka sprett i dalom
Dølakar
Traust og hard
Rydjer ferdregard
Sjå kor det losnar i alle liom
Skreda fer etter bergesidom
Flaumen går
I Noreg er vår
Og dølan' er det som rår

Frå fjellet rinn
Ein bekk så linn
Mellom stuv og steinar
Av bekker små
Det vert ei å
Fagrast du skal sjå
Høyr kor det i vatnet susar
Høyr kor det i fossen brusar!
Flaumen går
I Noreg er vår
Og dølan' er det som rår

Bykar stram
På gata går fram
Trur han skal oss lære
Men ikkje eg
Fær støkk av deg
Sjølv eg rår min veg
Bøndan' er ikkje lenger mjuke
Husbondsretten, han vil me bruke
Retten er vår
Skulda er dår
Å lyde Noregs kår

Om seint me kjem
Så er det med klem
Me vil garden rydja
Bondemål
Kvast som stål
Gjev ikkje lenger tol
Norsk mål vil me i Noreg hava
Ikkje lenger med dansken kava
Bondemål
Kvast som stål
Gjev ikkje lenger tol
Blankt som gull
Og mjukt som ull
Er det norske målet
Som sol på fjell
Som blome-tjeld
Som fuglesong om kveld
Tusen års rot det hev i landet
Tusen år til så skal det stande
Flaumen går
I Noreg er vår
Og dølan' er det som rår
Flaumen går
I Noreg er vår
Og dølan' er det som rår