Glittertind
Flaumen Går, I Norge Er Vår
Flaumen går
I Noreg er vår
Bjørka sprett i dalom
Dølakar
Traust og hard
Rydjer ferdregard
Sjå kor det losnar i alle liom
Skreda fer etter bergesidom
Flaumen går
I Noreg er vår
Og dølan' er det som rår
Frå fjellet rinn
Ein bekk så linn
Mellom stuv og steinar
Av bekker små
Det vert ei å
Fagrast du skal sjå
Høyr kor det i vatnet susar
Høyr kor det i fossen brusar!
Flaumen går
I Noreg er vår
Og dølan' er det som rår
Lita å
Kan du forstå
Kor ho fekk slikt mæle?
Bekk som rann
Er vaksen mann
Stans han, om du kan
Ingen mann kan straumen vende
Tømmer og hus det set han på ende
Flaumen går
I Noreg er vår
Og dølan' er det som rår
Bykar stram
På gata går fram
Trur han skal oss lære
Men ikkje eg
Fær støkk av deg
Sjølv eg rår min veg
Bøndan' er ikkje lenger mjuke
Husbondsretten, han vil me bruke
Retten er vår
Skulda er dår
Å lyde Noregs kår
Om seint me kjem
Så er det med klem
Me vil garden rydja
Bondemål
Kvast som stål
Gjev ikkje lenger tol
Norsk mål vil me i Noreg hava
Ikkje lenger med dansken kava
Bondemål
Kvast som stål
Gjev ikkje lenger tol
Blankt som gull
Og mjukt som ull
Er det norske målet
Som sol på fjell
Som blome-tjeld
Som fuglesong om kveld
Tusen års rot det hev i landet
Tusen år til så skal det stande
Flaumen går
I Noreg er vår
Og dølan' er det som rår
Sumar-sol
Skin på jord
Så jonsok-blomen laver!
Læt frå koll
Lur over voll
Og dølan' slær på skjold
Av skal ho hivast lurve-hetta!
Gullhjelm lyser i morgon-gletta
Læt frå koll
Lur over voll
Og dølan' slær på skjold
Harald verk
Fjellbonde sterk
Gjer no andre gongen
Gamalt grjot
Av kjemperot
Endå hev manndom og mot
Kome alle, ver med på ferda
Så skal det spørjast i vide verda
At Noregs mann
Gjekk på og vann
Atter sitt eige land