Eva Weel Skram
Tusen år
Kan'kje huske sist vi berre var
Sist vi berre kunne koble fra
For to blei tre
Og ro og fred
Forsvann i alt vi streva med

Og den rytmen som vi havna i
Gjekk i utakt med vår melodi
Og det som før var trygt og godt
Blei kvardagar
Av kvitt og grått

Alt det som skjedde
Gjorde oss redde
Men vi holdt fast

Når sola går ned
Så e vi her
Når vinden tek tak
E vi nær

Og vi kan være her i tusen år
Vi held fortet og vi veit det står
Stenge stormen ute
Berre vent og sjå
Ja, vi kan være her i tusen år
Så lenge vi er saman veit eg det går
Kan'kje sjå på alt vi ikkje rakk
Heller sjå meg rundt og sei takk
For dagane
Så fulle av
Dei fargane som gjer meg glad

Og den songen som vi skriv ilag
Det blei songen min frå fyrste dag
Og alt imellom linjane
E livet vårt og alt det e

Vi rota og ramla
Men sjå kor vi havna
Sjå på oss no

Vi kan være her i tusen år
Vi held fortet og vi veit det står
Stenge stormen ute
Berre vent og sjå

Vi kan være her i tusen år
Så lenge vi er saman veit eg det går
For når sola går ned
Så e vi her
Og om vinden tek tak
Står vi nær
Og vi kan være her i tusen år
Vi held fortet og vi veit det står
Stenge stormen ute
Berre vent og sjå

Du kjenner hjertet mitt kor hardt det slår
Så lenge vi er saman veit eg det går
Berre være her til evig tid
Så lenge du e her og eg e di
Då kan vi være her i tusen år
Så lenge vi e saman veit eg det går

[Outro]
Da veit eg det går