Odd Nordstoga
Borga i Ur
To elvar renn gjennom landet Ur
Møtest der, og høgt frå ein mur
Ser du opptog med faner og vimplar i vind;
Der elvane møtest skrid opptoget inn

Eit bord med safirpynta beger av gull
Hyller med kunnskap, rull på rull
Salar med strengespel, song og lått
Ringdans med fløyter og harpeslått

Så snør det i landet: gløymslesnø
Borte blir borga og gløymde dei brød
Som metta dei fem tusen munnar frå korg:
Andlet ber blindt på ei tusenårssorg

Og ingen kan minnast dei linne drag
I dronningas andlet den fagre dag
Då landet her kvilte i heilag fred
Og alle hadde kjærleik å elske med

Ei dør slår opp i den stille kveld
Gjennom opningen anar du skinet av eld
Og stemmer som vinden ber fram der du trør:
Dette er noko du kjenner frå før

Ei hand spelar terning i fakkelskin
Ein fot trør i dans under ljost, mjukt lin;
Dei er her, dine bortgløymde systrer og brør:
Dette er noko du kjenner frå før
Gløym slitet for glede og frykta for sorg;
Det er her, alt du treng, det er brød i ei korg
Frå eit løyndomsfullt bord i så fast ei borg

Sjå her, her er dagen som renn
Sjå her, her stig sola for deg
Sjå her er ei korg med brød for alle
I borga i landet Ur