Odd Nordstoga
Kom
Kom!
Vil du 'kje høyre ein song?
La ulvane hyle i veg
Det er ingen som ser at me dreg

Eg skal synge den berre for deg
Eit hjelpelaust tåpeleg vers
Men det er henta frå engelsk kommers

Så skal eg halde deg lageleg varm i vid forstand
Så kom! Kom! Kom! Vil du 'kje høyre ein song?

Tull! Du veit 'kje om månen er full
Når sikten er så å sei null
Og alle ser for seg eit...

Eit soveromsglas, under ligg du i din soveroms stas
Og inn kjem ein morgon med snus
Og nykoka kaffe i krus

Og den, den skal halde deg lageleg varm i vid forstand
Så kom! Kom! Kom! Vil du 'kje høyre ein song?

Så tek du vel kåpa di på
Og eg har fått terningkast to
Men kaffien, den sa du var god
Dagen kjem og me er 'kje i lag
For Venus er fanken så vrong
Og eg skriv nok endå ein song

Og den, den skal halde meg lageleg varm i vid forstand
Så kom! Kom! Kom! Vil du 'kje høyre ein song?
Så slå til og kom! Kom! Kom!