Odd Nordstoga
Ser deg no
Alt som skjer, skjer for fyrste gong
Det eg syng, er min fyrste song
Eg er ny for kvar dag som renn
Eg er ny for deg

Det står eit tre ved ein vårkledd fjord
Det står ein vase her på mitt bord
Du plukka blomar frå apalgrein
Og gav til meg

Eg var blind, men eg ser deg no, du ler
Tenk at i alle år var verdi mørk
Men i vår, står eg her og ser, og du ler
Ja, eg ser deg no, du ler
Tenk at i alle år var verdi mørk
Men i vår, i vår står eg her og ser

Vil du vita kva ljoset er
Kom då hit og ver meg nær
Eg skal sjå deg og seia deg det
Sei' deg kva eg ser

Eg vil gå i det vide land
Eg vil syngje om alt eg fann
Eg vil gjeva av ei open hand
I lag med deg
Eg var blind, men eg ser deg no, du ler
Tenk at i alle år var verdi mørk
Men i vår, står eg her og ser, og du ler
Ja, eg ser deg no, du ler
Tenk at i alle år var verdi mørk
Men i vår, i vår står eg her og ser