Odd Nordstoga
Lause ting
Eg budde i eit kollektiv i eit litt forsinka liv. Og no hadde eg og ho
Som hadde lagt ein arbeidsdag, tappert sett i gang med fag
Trur eg var på side to. Då kapitulera eg og sa til ho:

Altfor mange lause ting, altfor mørke krokar, altfor mykje
Skummelt rot, altfor store flokar, altfor store rom, altfor mange ord
Altfor mange gode råd gjev altfor mykje å tenkje på

Kor er den beste teori for ei lukke og litt fri?
Kva er pensum for å få raustlause menn til å få ro?
Ikkje boka eg les no. Ikkje den eg las i går, og faga eg må ta
Opp att til neste år

Altfor mange lause ting…

No er eg over tredve år, ikkje akkurat i min ungdoms vår
Men eg er like dum som då eg hadde guterom. Jau då, eg er då
Intelligent (Litt over snittet trur eg omtrent). Gjev meg misjonen
Livsmisjonen, eg skal greie den

Men det er altfor mange lause ting