Odd Nordstoga
Mademoiselle
Ein seng står langsmed veggen her. Den kaupte eg i Bergen då eg budde der
Hyllene tre står på kvar sin stad med tome permar og lause blad
Telefonen har gjeve med mange svar. Og pulten den står på, har eg fått av far
På veggen mot aust heng eit måleri av eit tun eg faktisk har leika i
Eg har gitaren min i ein krok. Den har skuld i nokra val eg tok
Me har vor'ute så mang ei gong. Eg trur at i kveld så skal me ta ein song
Så kjære mademoiselle, do treng 'kje kom' til meg i kveld

Over meg har eg nok himmelen, men dette er ikkje ein dag for den
I dag har eg lukka i lomma mi. Det er himmel nok viss ho berre blir
I meg ein flik av ei sjeldan ro. Veit ikkje kvifor ho kom hit no
Men rundt meg mi dagbok i tusen ting som tek hugen med på ein liten sving

Og bortmed veggen ein trefigur eg kaupte då eg var på Afrikatur
Den har eg drege med like hit, eg trur at ein dag så dreg den meg dit
Så kjære mademoiselle, do tren 'kje kom' te meg i kveld