Odd Nordstoga
Kveldssong for deg og meg
Grisen står og hyler
I den stille kveld
(Han skal ikkje slaktast
Men hyler likevel.)

Fir'og tjue kråker
Sit på ein madrass
Endå ei vil sitje
Men det er ikkje plass

Månen står og lyser
Rund og feit og kvit
Reven Kjem frå skogen
Og luskar hit og dit

Fiskane i havet
Søv og drøymer søtt
Nøkken nedi tjernet
Har eg aldri møtt

Mor og far har lagt seg
Eg er vaken, eg
No klatrar eg ut glaset
Så springer eg bort til deg

Mens grisen står og hyler
Og månen lyser kvit
Sit du og eg på taket
Og ler og pratar skit
Mens grisen står og hyler
Og månen lyser kvit
Sit du og eg på taket
Og ler og pratar skit