Odd Nordstoga
Bestevenn
[Sangtekst til "Bestevenn"]

[Vers 1]
Det er eit ljos der ute, som du ser frå der du bur
Når du er redd og er aleina, då er du ikkje slik du trur
Det e'kje slik at ingen hev ein tankje i for ein liten
Som ligg der så aleina og er redd
Og lengtar fram mot morgoen te ljos og vind og vêr
Og skremmast av det myrke store skumle

[Chorus]
Og det e'kje slik at du ikkje hev ein bestevenn
Nei, det e'kje slik at du ikkje hev ein bestevenn

[Vers 2]
Det er eit ljos der ute, som mitt auga kviler på
Når det knuser imot strande, men du ingenting kan sjå
Det e'kje slik at ingen andre også då er liten
For havet knuser sjølv det harde fjell
Men ute der så sveiper det eit ljos for meg og deg
Og viser heim att te det stille havet

[Chorus]
Og det e'kje slik at du ikkje hev ein bestevenn
Nei, det e'kje slik at du ikkje hev ein bestevenn
[Bro]
Ser du gjerde? Gå te grinda
Ser du døre? Kom no inn då
Ser du trappe? Ta eit trinn, kom no inn

[Chorus]
For det e'kje slik at du ikkje hev ein bestevenn
Nei, det e'kje slik at du ikkje hev ein bestevenn
Nei, det e'kje slik at du ikkje hev ein bestevenn